LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (innstegsstilling) i matematikkdidaktikk

Søknadsfrist: 30.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (innstegsstilling) i matematikkdidaktikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor (innstegsstilling) i matematikkdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som førsteamanuensis ved slutten av tilsetjingsperioden.

Om instituttet

Matematisk institutt er eit av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategiske satsingar er marin, klima og energi. Matematisk institutt si forskings- og utdanningsaktivitet bidreg til fakultetet og UiB sine strategiske målsettingar.

Moderne samfunn er i stor grad basert på matematikk og matematisk kunnskap, samstundes som matematikk er avgjerande viktig for utviklinga av naturvitskapane, teknologifaga og andre sentrale fagområde. Matematisk institutt har som hovudmål å utvikle matematikkfaget og gi kunnskap og kompetanse til samfunnet gjennom forsking og utdanning. Forskinga ved Matematisk institutt er fokusert innanfor statistikk, rein- og anvend matematikk og matematikkdidaktikk. Fagmiljøet bidreg og til tverrfagleg forsking. Instituttet leverer solid utdanning på bachelor-, master- og Ph.d.-nivå, og har også ei viktig rolle i alle studieprogramma ved fakultetet, inkludert lektorutdanninga. Instituttet har for tida 36 faste vitskapelege stillingar og totalt vel 110 tilsette.

Om arbeidsoppgåvene

Lektorutdanninga er eit strategisk satsingsområde for Universitetet i Bergen, og Matematisk institutt har gjennom fleire år strategisk bygd opp aktivitet innan lærarutdanning og skuleretta etter- og vidareutdanning (EVU). Denne innstegsstillinga skal styrke forsking og undervisninga så vel som masterrettleiinga innan matematikkdidaktikk i dei ulike lærarutdanningane instituttet er engasjert i. Dette gjeld primært den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU), den 5-årige integrerte lektorutdanninga (IL) og vidareutdanninga «Erfaringsbasert master i undervisning» (EMU) som er eit 50% deltidsstudium for matematikklærarar. I tillegg har instituttet fleire andre vidareutdanningsprogram for lærarar i ungdomsskolen og i den vidaregåande skolen, blant anna under satsinga «Kompetanse for kvalitet». Gruppa for matematikkdidaktikk består i dag av 3 faste stillingar som har si forsking knytt opp mot ulike prosjekt innan mellom anna didaktisk modellering, programmering og stoffdidaktikk.

Det vert forventa at den som vert tilsett engasjerer seg i forsking og prosjekt og bidrar til å utvikle sin eigen og gruppa sin kompetanse i matematikkdidaktikk, blant annet ved å søke ekstern finansierte forskingsprosjekt. Den som vert tilsett i stillinga vil ha undervisningsoppgåver knytt til lærarutdanninga på instituttet. Ei målsetting med stillinga er å styrke rettleiingskapasiteten av fagdidaktiske masteroppgåver innan EMU og IL.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor matematikkdidaktikk eller matematikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Kandidatar med doktorgrad innan matematikk må dokumentera fullført PPU-utdanning eller tilsvarande kompetanse
  • Erfaring frå eller kompetanse innan undervisning på skule- eller universitetsnivå er ein fordel
  • Erfaring frå prosjektsøknadar er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar og kjennskap til det norske skulesystemet. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Stillinga krev at den som vert tilsett har sin arbeidsstad i Bergen

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga 

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

Om innstegsstillinga

Ordninga med tilsetjing på innstegsvilkår skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til faste vitskapelege toppstillingar. Den som vert tilsett vil ha oppgåver knytt til undervisning, formidling av resultat og administrasjon. Delen av stillinga knytt til disse oppgåver avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov, og vert avgjort i samråd med instituttleiar ved tilsetjing.

Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

  • For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon. Dersom søkaren enno ikkje har forsvart doktorgraden sin ved søknadstidspunktet, må graden vere oppnådd innan 31.07.2024
  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i løpet av tredje året
  • Ei sluttevaluering skal utførast innan utgangen av det femte året
  • Fast tilsetjing som førsteamanuensis avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering
  • Den som blir tilsett vil utføre dei same arbeidsoppgåvene som eit fast medlem av fakultetet
  • Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå.

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, HR-rådgjevar, Universitetet i Bergen, Magnus.Larsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Krav for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved utløp av åremålsperioden 

Arbeidsavtalen og utlysingstekst fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis.

I tillegg må følgjande krav må vere oppfylte for å få fast tilsetjing:

Krav til utdanningsfagleg kompetanseKompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis går fram av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger § 1-4. Ved UiB er kravet om grunnleggande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå konkretisert ved at følgande skal dokumenterast på bakgrunn av egen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:

  • Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing
  • Evne til å reflektere over egen rolle, samt diskutere og grunngje eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing

Universitetspedagogisk basiskompetanseKravet i forskrifta inneber at kompetansekravet kan oppnåast enten ved at søkaren har gjennomført eit eige program på minimum 200 timar, eller kan dokumentere kompetansen gjennom ei kombinasjon av relevante kurs og eigen praktisk undervisning som kan vurderast å tilsvara eit program på minimum 200 timar.

UiB tilbyr kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse for nytilsette i vitskapelege stillingar. Kurset består av tre obligatoriske emnar og minst tre valfrie emnar (til samen 200 timer).

Døme på dokumentasjonVurderinga av om disse kompetansekrava er oppfylt, kan bygge på dokumentasjon av følgande:

  • Gjennomførte kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse eller tilsvarande
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning med utgangspunkt i emnets beskrivingar av læringsutbyte
  • Forskingsrettleiing på ulike nivå
  • Utprøving av ulike former for vurdering, læring og undervisning, irekna digitale, for å auke studentanes læringsutbytte
  • Evne til å grunngi eiget lærings- og kunnskapssyn og forholda seg reflekterande til eigen lærarrolle
  • Innhenting og bruk av tilbakemeldingar frå studentar, kollegar og samfunnet til å utvikle undervisnings- og læringsprosessar
  • Evne til å analysere, utarbeide og vidareutvikle emnebeskriving og studieprogram

Pålegg om å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis. Der søker til førsteamanuensisstilling ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, skal vurderingskomiteen beskrive kva som står att. Søkaren vil da bli pålagt å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis.

Krav til tilsette i innstegsstilling som postdoktor

I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast førsteamanuensisstilling. Innan tre år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om førsteamanuensiskompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som førsteamanuensis.

Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.

Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som førsteamanuensis.

For å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved Matematisk institutt (jamfør forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 1-4) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis, som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS